onsdag 11. mars 2009

Entre les murs



På skulen denne veka blei me anbefalt å sjå filmen Klassen på kino, og nettopp det valde eg og Idar å gjøre. Klassen er ein fransk drama film og er årets gullpalmevinner frå Cannes, i tillegg til å være utvalt som Frankrikes Oscar-kandidat. Filmen kan også skryte på seg å ha vunne Filmkritikarprisen under Haugesund filmfestival i 2008.Originaltittelen på filmen er Entre les murs (direkte oversatt: mellom veggene). Klassen er ein gripande film om ein ungdomsskuleklasse i ein forstad til Paris. Gjennom filmen følgjer vi ungdomsskoleklassen gjennom eit heilt skuleår fullspekket av intriger. François Bégaudeau som er hovudpersonen i filmen, er sjølv forfattar av boken Entre les murs som omhandlar hans eigne erfaringar frå læraryrket.

I starten av filmen blir vi kjend med læraren François og hans kollegaer i skulen. Ein merkar ganske tidleg i filmen at stemninga blant lærarane ikkje er på topp, og gjennom filmen får ein vite grunnen til nettopp det. Ungdomsskuleelevane er ein fleirkulturell gjeng som slettes ikkje bryr seg om skulen eller framtida si. Allereie frå første time når François forsøker å få ro i klasserommet merker ein at elevane slettes ikkje går på skulen fordi dei ønskjer å lære noko. François ender opp med å bruke ti minuttar på å få elevane stille, for så å bruke enda nokre minuttar på å diskutere med elevane. Elevane på denne skulen vil nemleg ikkje la seg bli snakka til av ein lærar utan at de får gitt eit svar tilbake til læraren i form av frekkleik. François og dei andre lærarane på skulen forsøker likevel å motivere elevane til å arbeide på skulen til tross for dårlig behandling frå elevane. François forsøker å hjelpe alle elevane, være rettferdig, oppmuntre og rettleie men uten noen form for takknemmelighet. Gjennom filmen blir ein ikkje berre kjende med utbrente lærarar som ikkje lenger har energi til å være lærar på skulen, men ein blir også kjende med elevane i klasserommet. Ein får innsyn i elevanes oppturar og nedturar, i tillegg til at ein lærer å kjenne elevane og kan forstå grunnen til deira handlingar. François slit kvar dag med at elevane svarar han ufint når han forsøker å undervise dei, men ein dag klarar ikkje François å unnlate å svare tilbake i ein frekk tone.
Situasjonen har seg slik:
To av elevane er representantar for klassen i eit råd. I dette rådet møtes lærarane samt dei to representantane for å snakke om elevane i klassen og anna. Under møtet sitter dei to jentene og fniser, mens dei gjør heilt andre ting enn å følgje med på møtet. I ettertid derimot viser det seg at dei to representantane har fått med seg noko frå møtet. Når lærarane snakka om ein elev dei sleit mykje med tok dei notata under møtet, som dei i ettertid har fortalt vidare til eleven det omhandla. Denne eleven endar opp med å bli sint, og forsøker å forlate klasserommet utan lov. Når læraren hindrar ham i å gå ut av klasserommet, blir han enda meir sint og medelevar må hjelpe til for å halde eleven rolig. Eleven forsøker likevel å komme seg ut av klasserommet, og river seg laus frå medelevens tak rundt ham. I denne lausrivinga klarar han uheldigvis å slå ei jente i klassen med ein stålkant på sekken sin slik at hun begynner å blø. Ettersom ein anna elev er skada, kan ikkje læraren gjera anna enn å la eleven som var sint forlate klasserommet utan lov. Episoden fører til ein stor sak for både læraren og eleven. Konflikten fører til at eleven må møte opp i eit råd for å finne ut om eleven skal få fortsetta på skulen eller om han skal omplasserast. Dei fleste lærarane er sikker i sin sak om at de ønskjer å få eleven ut av sitt klasserom, fordi han ofte skapar problem for dei. Derimot er François meir usikker, og har framleis tru på at eleven kan bli betre med tida. Rådet stemmer derimot for at eleven skal omplasserast, og nettopp det skulle vise seg å ha ein svært positiv følgje for klassen. Klassen endrar seg dramatisk som følgje av at denne eleven forsvinner frå klasserommet. I starten av skoleåret var det ingen som gjorde lekser, eller gjorde noko på skulen, i tillegg var dei frekke mot læraren når dei snakka til han. På slutten av skuleåret derimot hadde alle elevane begynt å bry seg om skulen, og si eiga framtid. Elevane prata i timen, og dei behandla læraren sin med respekt til ein forandring.





Klassen er ein flott film som skildrar ei side ved lærarens rolle som ein neppe skulle trudd at fantes. Filmen skildrar ein lærars rolle på ein god og autentisk måte. Gjennom filmen får ein innsyn i korleis ein lærar kan bli behandla av sine elevar, og man får sjå det gjennom læraren sitt syn. I filmen blir læraren framstilt som den gode part, mens elevane berre er ufordragelige. Gjennom hele skoleåret blir lærarane utsett for dårleg behandling av elevane, men av ein eller anna grunn lar ikkje François seg knekke, men held motet oppe og har håp for framtida. Filmen er inspirerande, og eg trur det er ein del lærarar som kan kjenne seg igjen i liknande situasjonar i skulen. Filmen gir også eit godt inntrykk av dei skjulte sidene ved læraryrket. Filmen varte i 2 timer og 8 minuttar, som til tross for at det var ein god film, blei litt for lang. Likevel vil eg anbefale alle lærarar, både framtidige lærarar og dagens lærarar, å sjå denne kritikarroste filmen i framtida.

Terningkast: 4

2 kommentarer:

Borghild sa...

Hei, Steinar. Før du leser denne bloggen vil jeg bare gi beskjed om at jeg skal redigere litt på den. Antakeligvis gjør jeg det i løpet av påsketider, men jeg skriver nye beskjed etter å ha gjort det :)

Steinar sa...

Flott at du fant tid til å se denne filmen. Det gjorde omsider jeg også. Du skiver mye om elevenes oppførsel, men hvordan ser du på lærerens oppførsel?

Så nå kan du velge om du redigerer innlegget, eller om du svarer under...........