søndag 14. september 2008

Mange inntrykk i vente..

Denne veka hadde me i oppgåve å intervjue to elevar på barneskulen i kunnskapen dei har i matematikk. Det var utrolig interessant berre det å få gå inn på pauserommet til lærarane og observere kva dei gjorde i pausane. Dei fleste fann fram matpakka dei hadde lagt frå seg i kjøleskapet i kjøkkenkroken, og sat seg ned for så og prata med andre kollegaer. Dei prata både om fritidsinteresser, om lekseplanar, elever etc. Mangen av dei var også interessert i kva me gjorde der, og dei fleste trudde me var nye praksiselevar. Det var me dessverre ikkje, sjølv om dette sikkert hadde vært ein heilt fantastisk skule å vært i praksis på. Skulen har ganske mange elevar, og som dei fleste andre skular i Noreg har den alt for mange elevar i forhold til kva den har kapasitet til. Både intervjuet og drøftinga me hadde i lag med gruppa etterpå viste seg å være ganske interessant. Det var interessant å sjå korleis eleven tenkte når han/ho jobba med matematikk, og me fann fort ut at dei matte oppgåvene me hadde laga var alt for vanskelige. Me konkluderte med nettopp dette i drøftinga vår. Det er ikkje lett å vite kva eleven har vært igjennom sjølv om læreplanen seier at dette er noko eleven skal kunne. Det er også avhengig av kva eleven klarar å tilegne seg av kunnskapar. Sjølv om LK 06 skal følgjes så godt som mulig, er det ikkje like lett å oppnå måla for kva eleven skal kunne. I dette intervjuet fekk me eit inntrykk av korleis barn har det på skulen, korleis skulemiljøet er for både lærarar og elevar etc. Dette er noko eg kommer til å hugse og ta med meg ut i praksis i neste veke.

Allereie i morgon skal me ut i praksis på ein barneskule i Haugesund, og eg er utrolig spent. Eg syns det er ganske tidleg å gå ut i praksis berre etter knappe fire veker på skulen, men kanskje er det betre å gjere det så tidleg som mulig. Ein vil i alle fall tidleg få eit inntrykk av kva det vil sei å være ein lærar i dag, og kva yrket har å by på. Eg gler meg til å observere korleis barn har det på skulen i dag, og det blir interessant å sjå kor mykje skulen heilt sikkert har forandra seg sidan eg gjekk på skulen. Forhåpentlegvis får me ein god lærar som kan inspirere oss. Ein som tydeleg kan visa oss at dette yrket er det verdt å gå fire år på skule for å bli. I tillegg håper eg at han kan fortelje oss om alle dei andre oppgåvene ein lærar har, men som ingen skulle tru at ein lærar faktisk gjer. Eg håpar også at han tipsar oss med nyttige ting, som å få ro i klassen, korleis få merksemda til elevane og anna.
Eg har sett fram til denne veka ei stund nå, og eg håpar at mange av mine forventningar vil bli innfridd.

3 kommentarer:

Steinar sa...

Ja, du har valt eit godt utgangspunkt når du samanliknar dagens skule med den du sjølv opplevde. Lukke til!!

Heidi G. sa...

Jeg tror kanskje vi glemte litt at de bare har gått 3 uker i sjuendeklasse. Men en erfaring rikere! Hvordan føler du de to første dagene i praksis har vært i forhold til dine forventninger? Har du fått noen gode tips? Jeg synes hvertfall det har vært nyttig bare disse to dagene! Ser i hvertfall at det ikke er lett å holde styr på en gjeng livlige sjuendeklassinger!

Hauge sa...

Eg syns du er flink til å reflektera, noko som igjen viser at du mest sannsynleg vil bli ein ypperleg lærar! Både dette med å prøve og feile (for vanskelege oppgåver) og å reflektera over det etterpå.

P.S! Du har eit bra språk og ein fin nynorsk!