fredag 14. november 2008

Kompetanseorientering eller kommunikasjonsorientering?

Konstruktivismen er sterkt prega av pedagogen Jean Piaget (1896-1980) frå Sveits. Han var inspirert av fleire ulike fagområde, men det er biologien som likevel pregar hans syn på læring mest. Blant anna har han ideen om at barn tolkar alle ytre hendinga dei registrerer, og samanliknar dei med gamle oppfatningar, for så å tillegne seg dei nye kunnskapane. Sterkast i teorien til Piaget står synet om at all kunnskap ikkje kan formidlas direkte frå voksen til barn. Kvert barn må sjølv oppfatta situasjonen, og konstruere sin eigen versjon av hendinga.

Når konstruktivistane studerer barnets intellektuelle verksemd, skilder dei mellom to forskjellige tilnærmingsmåtar:
• Kompetanseorientering
• Kommunikasjonsorientering

Kompetanseorientering legg vekt på at barnet sin kunnskap fungerer i alle situasjonar, om det er heime, på skulen eller blant venner. Når barnet blir testa vil svaret barnet gir være eit resultat av kunnskap, innsikt og forståing (til ein viss grad). Problemet med denne teorien i følgje min meining er at den ikkje tar omsyn til at barnet kanskje ikkje har forstått spørsmålet. Då eg gjekk på ungdomsskulen var det mange gonger at eg sat med ein matematikk prøve, og ikkje hadde ork til å byrja på ei oppgåve fordi eg ikkje forstod kva oppgåva spurde etter. Hadde eg blitt forklart oppgåva på ei anna måte hadde eg kanskje forstått ho, og prøvd å løyse ho, i staden for å berre droppe ho. Derfor blir det i følgje min meining galt at teorien ikkje tar sikte på misforståingar i kommunikasjonen mellom barn og vaksen. Det er jo ikkje alltid like lett for eit barn å forstå kva ein voksen snakkar om, særleg viss den vaksne ikkje snakkar med eit språk barnet kan forstå. Den nye læreplanen LK – 06 for grunnopplæringa er prega av konstruktivistanes syn på læring. Ein av dei store endringane frå L-97 til LK- 06 var at omgrepet kunnskap blei erstatta av kompetanse. Kompetanseorientering ligger også til grunne for testar som barn og unge må ha på skulen. Særleg er dei nasjonale prøvane eit resultat av dette, men som eg har gitt uttrykk for tidlegare har eg ikkje noko tru på dei nasjonale prøvane. Då eg gjekk i fyrste klasse på vidaregåande var eg ein av dei elevane som valde å boikotta dei nasjonale prøvane, og akkurat det er eg nøgd med fortsett den dag i dag. Men som lærar i framtida må eg nok bare innsjå at dei nasjonale prøvane er noko me berre må ha for å teste elevane, og at eg må finne meg i at det er ein fornuftig test å ta.

Den andre tilnærmingsmetoden er kommunikasjonsorientering. Her legg teorien vekt på at det ikkje nødvendigvis er barnet som svarer galt i ein test pga. manglande kunnskapar, men at barnet kan ha misforstått spørsmålet. I denne tilnærminga legger teoretikarane også meir vekt på at evalueringsformene skal legge vekt på fleire oppgåvetypar, og anna som er relevant i vurderinga. På denne måten får elevane vist meir av kunnskapen deira i fleire situasjonar, og ein kan også sjå på elevanes utvikling over tid. Dette blir også kalla for portefoliometoden. I følgje min forståing av konstruktivistanes syn på læring føler eg at skulen legger mye vekt på dette synet i korleis dei testar elevane sine. Elevane på skulen i Noreg må jo heile tida ha jamne testar, og på ungdomsskulen og vidaregåande skule har dei også ein avsluttande tentamen eller eksamen i slutten av semesteret.

4 kommentarer:

Hauge sa...

Hei Borghild!

Eg synest du har eit flott og reflekterande innlegg som du presenterer på ein fin og forståelig måte. Du snakkar om kompetanseorientering og kommunikasjonsorientering og eg lurar på korleis du personleg ville ha orientert deg om barnets intellektuelle verksemd om du var lærar for ein klasse?

Borghild sa...

Av disse to tilnærmingsmetodene synes jeg at skolen bør legge mest vekt på den siste: Kommunikasjonsorientering. Fordi det er ofte en elev ikke forstår spørsmålet på en prøve, eller i en dialog. Ofte må man omformulere det, og da kan det være eleven forstår det med en gang. Hvis man derimot skal bruke den første tilnærmingsmetoden sier man jo at eleven ikke kan det, bare fordi han/hun kanskje har misforstått. Og det er etter min mening feil. Da blir jo eleven sett på som "dummere" enn hva han faktisk er? I realiteten kan jo barnet mer. Det er også en viktig forutsetning at vi snakker til elevene på deres språk, og går ned på deres nivå. For mange fremmedord for barn på barneskolen er ikke bra, det vil bare forvirre dem ytterligere. Med andre ord er det mange faktorer som spiller inn her.

Steinar sa...

Bra at du har meiningar, Borghild! Innlegget ditt viser også at du no også kan bruke eit pedagogisk språk for å argumentere!! Då blir det enda betre:-)

Eg forstår at du primært går inn for eit kommunikasjonsorientert syn, men ikva situasjonar meiner du det også kan vere rett å ha eit meir kompetanseorientert syn?

Borghild sa...

Kompetanseorientering brukes jo som nevnt i forbindelse med de nasjonale prøvene (som jeg ikke er noe særlig for). Men man kan også bruke det ved vanlige prøver, og da må ikke læreren veilede eleven på noen måte. Dersom mange av elevene da sliter på det samme spørsmålet vil jo det antakeligvis bety at elevene ikke helt har forstått det. Da finner læreren ut om det er noe han må gjenta for elevene, og kanskje han bør gjenta det på en annen måte (altså bruke en annen metode).

Kompetanseorientering brukes med andre ord ved å teste/prøve elevene, enten det er muntlig eller skriftlig. Her har vi all slags prøver, tentamener, eksamener (både muntlig og skriftlig), men også dialog i timene. Denne orienteringen brukes til å sjekke om elevene har lært noe, og om de har nok kunnskaper og ferdigheter til å gå videre til "neste nivå".